Supporterklubben er for supportere, og derfor ønsker United.no leserbrev som del av nettsiden. Takhøyden er stor, men vi forbeholder oss retten til å avgjøre hva som kommer på trykk og ikke. Det er også et krav at man argumenterer godt for det man mener, og du må tåle at andre kommenterer innlegget ditt. Leserbrev kan sendes til [email protected]. Oppgi fullt navn og helst alder, og fortell gjerne når, hvordan eller hvorfor du ble fan. Vi tar selvsagt også gjerne i mot reisebrev.
Innsenderen denne gangen har tro på José Mourinho, men er mindre fan av spillerlogistikken og negativiteten rundt klubben.
There and Back again
Av: Jan Ivar Nydal
Annonse
Synes det med tanke på situasjonen i dag, er ein passande tittel.
Mitt navn, Jan Ivar Nydal, 38 år og har hatt United i blodet sidan ein septemberdag i 1986 når vi banka Southampton 5-1 etter mål av Olsen, Davenport, Stapleton x 2 og Norman Whiteside.
Eg har tidlegare skrive eitt par lesarinnlegg på United.no, mitt første for snart 4,5 år sidan med tittelen Believe. Om nokon er interessert i det, så gå inn på linken til det.
Eg har brygga mange kaffikoppar, sett meg ned framfor dataen, og starta skrive fleire innlegg. Men eg har rett og slett vore for usikker på eigne tankar til at eg har sendt dette inn. I dag er det 28. august.
Etter å ha sett kampen mot Tottenham i går, mandag 27. august 2018, så begynte tankane svirre nok ein gong, og no dagen etter, er det berre knote nedpå mine tankar.
Eg sat og held att tårene, for dette gjorde vondt. Ikkje fordi vi tapte 0-3 heime mot eit Spurs-lag vi var betre enn i nesten heile kampen. Men fordi eg såg frustrasjonen i Mourinho, eit brennande ønske om å tilfredsstille fansen, oss, men mest av alt frustrasjonen for at han ikkje har fått den støtta frå leiinga han fortener, og burde fått.
1.Spelarlogistikk
Mange dreg fram antal kroner som er brukt på spelarmateriell. For min del er ikkje kroner og øre viktig, men kva spelarar som har kome inn. Av alle dei som har kome inn dørene under Mourinho, lurer eg på kor mange av dei som faktisk stod på «lista» over spelarane han ønska. Eg trur Matic og Lukaku var der. Og i år Fred og kanskje Dalot. Elles trur eg resten er spelarar som Woodward har henta.
Annonse
Pogba fordi han har ein enorm komersiell verdi, og Bailly og Lindeløf fordi det, tross 30 mill. pund, var rimelige alternativ i forhold til dei som er på øvste hylla. Sanchez var nok eitt ønske frå Mourinho, men då fordi han er ein betre lagspelar enn Mikki som reiste andre vegen.
Men elles fryktar eg at Mourinho har hatt lite eller ingenting å sei på spelarmarkedet. Samanlikna med Pep, så har han henta dobbelt så mange spelarar i same tidsrommet enn det United og, eg sei Woodward, har gjort.
Det er også ein del som snakkar om alle pengane som er brukt på spelarar.
Fakta er, at det sidan 2008 er det brukt ca. 50 mill. pund netto per sesong på spelarkjøp.
Manchester City har brukt nesten dobbelt så mykje (ca. 92 mill. pund.) på spelarkjøp. Husk dette er netto.
Det er ein i Stretford Enders World Wide som har gitt meg dette utan at eg veit kilden. Men tala skal vere mogleg å finne for den som ønskjer å bruke litt tid på det.
Eg skreiv i 2014 noko om kva spelarar eg kunne ønska meg til klubben, Shaw var ein av dei, og ingenting gleder meg meir enn at han ser ut til å ha tatt seg sjølv i øyrene, og virkelig trena seg opp inn mot pre-season.
Det var deilig å se reaksjonene, feiringene og gleden på spillerstallen og alle i støtteapparatet.
Annonse
2. Passion. Attitude. TEAM
Ikkje misforstå meg, eg har sjølv vore fryktelig frustrert under og etter kampar. Ikkje alltid på grunn av resultatet, men grunna kroppsspråket enkelte viser alt for ofte. Det er i desse situasjonane eg saknar Roy Keane, Gary Neville, Paul Scholes, Mark Hughes, Nemanja Vidic som kanskje dei beste eksempla. Dei ville aldri tillatt Martial, Pogba og Rashford gå rundt og vise dei er sure. Kost det av deg og vinn neste duell.
Eg har sakna litt lagfølelsen i mange kampar, men ser både under Leicester-kampen og i går kveld mot Spurs, at lagånden, og viljen er der.
Som dei sa dei eg har melda med etter kampen mandag kveld, som var på Stretford End, så var det ei glede å stå der i går, og spesielt utover 2. omgangen, så var det « an absolute joy», som han sa, å være der. True fans and supporters where there ´til long after the game ended.
Støtta til laget, og til Mourinho er i alle fall enorm blant fansen rundt Old Trafford.
Eg såg mykje i går som eg elska. Men som eg skriv i innleiinga, så såg eg også mykje som gjer meg trist. Mangelen på støtte når det kjem til spelarkjøp vart veldig synleg. Eg føler at Herrera blei eit lite offer for å vise Woody at vi ikkje har fått på plass den stopparen vi skulle hatt.
Men eg har fortsatt tru på at vi kan snu dette. Med Mourinho. Men ja. Det blir kynisk og kjedelig.
Men eg trur framleis. BELIEVE. Vi må ned i kjellaren og oppatt. There and Back again.
3. Manns minne
Bestefar min brukte sei at «manns minne er ikkje så lenge». Når eg ser i kommentarfelta så lyt eg sei meg einig i det. Går vi 12 år tilbake i tid, så skreiv alle aviser i England om at Sir Alex Ferguson hadde mista garderoben, det var krise, og han måtte tre av eller få sparken snart. Historia blei vel grei den i etterkant? Det kan sjølvsagt ikkje samaliknast med situasjonen vi har i dag, men det har fleire gonger vore ei stor misnøye også med Sir Alex.
Når det gjeld «fotballen vi spelte under Fergie». Ja eg hugsar mykje bra. Veldig mykje bra. Men eg hugsar også at vi blir rundspelt av Liverpool på heimebane. Andrea Dossena scorer med ein chip og vi taper 1-4. Vi møtte ikkje opp på jobb.
Annonse
Eg kan nemne 5-0 tapet mot Newcastle der Schmeichel blei ydmyka av Pillipe Albert. Eller 5-0 tapet mot Chelsea som var ein av dei svartaste debutane vi har sett med Massimo Taibi. Det finns mange eksempel på at det har vore grått og trist også i løpet av dei 26 åra det blei bygd eitt imperium på Old Trafford.
Manns minne er ikkje så lenge.
Vi treng stabilitet og ro til å få byggje opp. Vi må heilt ned i kjellaren, føler vi nærmer oss, før vi kan booste energien med nye ansikt i spelargruppa. Spelartypar som er signert fordi manageren ønska dei.
4. Manageren
Som sagt. Eg har framleis trua på prosjektet. Mourinho er ein av dei beste i faget. Det er det absolutt ingen som skal ta frå han. Eg vil i så tilfelle spørje, KVEN? Kven i denne runde verda er god nok? Det finns fleire som er god nok. Men meining er den at så lenge det finns null sportslig strategi på spelarkjøp anna enn å prøve å sikte seg inn på 4. plassen, så spelar det inga rolle om det er Steve Bruce eller Pep Guardiola som styrer laguttaket. For moro skuld, signer Ivar Morten Nordmark. Karismatiker av rang. Det hjelp ikkje så lenge manageren, mannen som styrer det taktiske i kampane, mannen som skal sørge for sportslege resultat ikkje får den støtta frå styret og Ed Woodward.
Zidane sei mange. Kvifor? Vi ønskjer oss ein som brukar ungdom, ikkje brukar pengar på kjøp, og som gir oss titlar. Sorry, men eg ser rett og slett ingen som kan gi oss det. Zidane er vel ikkje kjent for å satse på ungdommen han heller. I tillegg så snakkar han ikkje eit einaste ord engelsk.
Eg har stor repekt for mannen, men kan ikkje sjå at han skal vere eitt betre alternativ.
5. Spelarstallen
Kortversjonen blir som følgjande at stallen er ikkje god nok per i dag. Skal vi samanlikne oss med City, så har dei 2-3 spelarar i kvar einaste posisjon som held startellever nivå. Der ligg vi langt bak meiner eg. På grunn av spelarlogistikken.Vi må ha sjefen i midtforsvaret. Vi må ha backup for Matic som er minst like god, gjerne yngre slik at han kan ble enda betre. Eg lar det bli med det. Eg har mine ønsker, andre har sine ønsker. Men når heller ikkje Mourinho får det han ber om, så er det ikkje verdt å bruke tida på det.
6. united.no
Eg blir nesten utan unntak trist av å gå inn på ulike saker og lese kommentarfelta. Eg trudde vi stort sett var vaksne folk alle mann. Eg har faktisk blitt så lei av all negativiteten at eg fleire gonger har vurdert medlemskapet i united.no.United.no treng ikkje falle til Neil Custis sitt nivå med fiktiv journalistikk for å få klikk.
Annonse
Det gjeld og ansvarlig redaktør. Eg synest at det nesten alltid er gode resonnement etter kampane. Men eit par gonger i fjor reagerte eg på ei alt for negativ vinkling etter kamp. Dette er sjølvsagt eitt teikn på frustrasjon, noko eg har full forståelse for. Men som sagt, som regel er det gode konklusjonar etter kampane som burde lede til gode saklege diskusjonar.
Men her sviktar mange av medlemmane her inne. Dessverre. Det er trist når ein må stengje kommentarfeltet fordi det har vore tilløp til personangrep, eller ein ikkje klarer å halde seg til vanleg folkeskikk.Vi er stort sett vaksne menneske, og må klare å behandle kvarandre med litt respekt.
Så har vi i tillegg ein svensk røst, som skriv med jamne mellomrom. For min del ser det ut som han har ein personleg agenda om å svartmale Mourinho. Eg har i alle fall slutta lese innlegga til svensken.
Til slutt vil eg berre mane til kamp. Lat oss samle troppane, gjere som kjernen på Stretford End og STØTTE LAGET.Vi er ikkje turistar frå Asia som skal ta sjølvies med Lucas Moura etter kamp.