Supporterklubben er for supportere, og derfor ønsker united.no leserbrev til nettsiden. Takhøyden er stor, men united.no forbeholder seg retten til å avgjøre hva som kommer på trykk og ikke. Det er også et krav at man argumenterer godt for det man mener, og du må tåle at andre kommenterer innlegget ditt.
Leserbrev kan sendes til [email protected]. Du må oppgi fullt navn og alder, og fortelle hvor lenge du har vært fan. Du må også fortelle hvorfor eller hvordan det skjedde
Send gjerne også reisebrev eller skildringer med bilder. Det tar vi VELDIG GJERNE imot.
Annonse
Jan Ivar Nydal har tidligere hatt et innlegg i denne spalten. Det var i begynnelsen av april – altså helt på tampen av Moyes-æraen. Den gang lød overskriften «Believe». I dette innlegget røper han at han fortsatt har troen, til tross for nederlag i åpningskampen:
Tung start, but I still believe
Tenkte prøve ein gong til etter forrige lesarinnlegg “BELIEVE”, og dele mine tankar. Både om sommaren så langt, “Deadline Day”, og vegen vidare.
Eg var skeptisk til tilsettelsen av Moyes, og var skeptisk til Van Gaal. Men eg ville gi Moyes tid, og er villig til å gi Van Gaal tid. Men eg var nok førebudd på ein liten nedtur etter Fergie. Men hadde aldri sett for meg 7. plassen vi enda på i fjor. Når det er sagt, så er eg glad vi slepp Europaleague, og heller bruke tid på ligaen, forme mannskapet, formasjonen, og ha tid til rehabilitering etter kamp.
Pre-Season. På mange måtar veldig positivt. Men Pre Season er og blir treningskampar der det ikkje nødvendigvis handlar om resultat. Men det dukka opp eitt par spennande namn i, spesielt synest eg, Reece James og Tyler Blackett.
Dette er definitivt ein mann for framtida. Bra teknikk, rolig, klok. MEN. Der er eitt stort MEN. Han treng ein forsvarssjef ved sida av seg for å kunne nå potensialet, og utvikle seg. Anna positivt med oppkøyringa var Herrera, Rooney, Mata, tidvis Jones og Smalling. Dessverre så vart Rafael skada. Eg hadde lenge håpt at Rafael skulle gå skadefri og få ein ny vår. Eg elskar mannen, mest grunna viljen til å ofre seg. Han har potensialet, men må klare å bli skadefri. Elles var det rotete og uorganisert til tider, men dette skuldar eg på ein heilt ukjend formasjon.
Seriestart mot Swansea. Var dessverre på jobb, men fekk med meg ein del av det som skjedde. Skuffande? Ja, klart det. Ingen kan vere fornøgd med å tape på heimebane, det vere seg Swansea eller Man City. Er eg overraska? Nei. Innerst inne, var eg førebudd på dette.
Annonse
Deadline Day to veker unna. I skrivande stund ryktast det at Benatia nærmar seg, men eg trur ikkje på noko før det er pressekonferanse og presentasjon av ny spelar.
I førre innlegg skreiv eg at eg ønska Hummels, Shaw, Vidal, Carvalho og Reus. Shaw har vi fått. Hummels drøymer eg framleis om, Vidal har eg blitt veldig usikker på, Carvalho kunne vore riktig få inn for å halde balansen, Reus ville definitivt styrka oss på kanten, og kan også spele på topp. No ser eg at Daley Blind, kanskje ikkje stjerna vi er ute etter, men anvendelig som få er aktuell. Frå uoffisielle hald «done Deal» søndag 17. august. Nani ryktast vere i ein bytehandel med Rojo til Sporting. Tja, brukbar han. Eg synes også vi bør ha ein på høgre kant/vingback. Rafael skadeutsett og Valencia ustabil. Og vi bør ha ein spiss. Og som mange andre synes, vi treng ein SJEF. Vi manglar ein type Keane som går utpå bana og beskyttar sine.
Mi liste av dei vi bør gi slepp på. Nani, Young, Hernandez, Lingard, Anderson, og ja, dessverre ser eg at der mest sannsynle ikkje er plass til Kagawa. Eg har sansen for mannen, men klarer ikkje sjå kvar han kan passe inn. Håpte kanskje ein kunne klare omskulere han til indreløpar. Litt opprydding må det uansett bli. Eg er framleis ikkje einig med meg sjølv om Fellaini. Ja han har ein spisskompetanse, men han fikk sjansen mot Swansea, og eg synest han kasta vekk sjansen. Får vi ein plass mellom 14-18 mill £ for han, så bør kanskje han også gå.
Resten av sesongen
I STILL BELIEVE. Van Gaal er kjent for ruskete start med alle lag han har tatt over, men har med eitt eller to unntak tatt laga til ein topp 3 eller 4 plassering på første forsøk. Eg er framleis skeptisk til mannen som kunne hatt ei rolle i «The Shining», men han skal få tid. Eg trur vi klarer topp fire. Men dei første 3-4 vekene av sesongen vil bli tunge. Eg trur vi klarer topp fire i år. Kan vi vere med i gullstriden? Per dags dato, NEI. Men med dei riktige kjøpa, og minimum 4 slik eg ser det. Så er det mogleg med gull. Men då må vi også klare noko vi ikkje var i nærleiken av førre sesong. Vi må vinne kampane mot topp 7 laga. Vi kan ikkje tape begge kampane mot Tottenham og Everton. Og vi treng ein siger mot naboane til Everton, kva no dei heiter igjen.
Eg er sterk i trua, men er førebudd på at nedturen kanskje blir litt meir omfattande enn ein sesong. Vi har ligaens beste keeper, han treng berre ei litt meir stabil rekke framfor seg. Og vi treng ein motor på midten.
Til alle saman, lykke til, måtte vi gå lysare tider i møte.
Nok ei tankedeling frå ein erotisk lubben Sunnmøre.