LESERBREV: Believe!

Les Jan Ivars tanker om mangt og mye rundt favorittlaget.

Publisert Sist oppdatert

Supporterklubben er for supportere, og derfor ønsker United.no å teste ut leserbrev som en ny del av nettsiden. Takhøyden er stor, men united.no forbeholder seg retten til å avgjøre hva som kommer på trykk og ikke. Det er også et krav at man argumenterer godt for det man mener, og du må tåle at andre kommenterer innlegget ditt.

Leserbrev kan sendes til [email protected]. Du må oppgi fullt navn og alder, og fortelle hvor lenge du har vært fan. Du må også fortelle hvorfor eller hvordan det skjedde.

Send gjerne også reisebrev eller skildringer med bilder. Det tar vi VELDIG GJERNE imot.

I dag publiserer vi et leserbrev fra 33 år gamle Jan Ivar Nydal, som skriver at han over lengre tid har lest ansvarlig redaktørs «Mine tanker» etter kamper. I likhet med ham har også Jan Ivar alltid ned notert noe av det han føler ved kampslutt.

Det som har vore

Starten: Ein septemberdag i 1986 er mitt første minne om United. Seier 4-1 over Sunderland meiner eg huske. Huskar snakke om at dette var første kampen til Bryan Robson etter skade, og at han avslutta kampen med to mål. Eg var på dette tidspunktet 6 år, og må inrømme at eg var fotballinteressert, men enda ikkje supportar. Når eg for alvor fekk interessen eit par-tre år seinare, så var nemnde kamp ein sterkt medvirkande faktor til at valet hamna på Manchester United. Pussig nok huskar eg ikkje kva kamp det var, men valget virka unaturleg enkelt. Huskar også eg gjekk saman med naboen for å kjøpe ei bok om Manchester United. Dette for at vekepengane då ikkje strakk til.

alexferguson90cupfinale
Alex Ferguson, reddet av FA-cupseieren i 1990?

Eg huskar Neil Webb, Paul Parker, Gary Pallister, Bryan Robson, Andrei Kanchelskis, Mike Phelan (som spelar), Lee Sharpe, Les Sealey, Brian McClair, Mark Robins, Mark Hughes, ja, kan halde på i evigheiter, men poenget er at eg huskar tida då vi streva etter å bli betre, då vi hadde håp om å klatre på tabellen.

Mange sei at Moyes må få tid, for må huske Fergie fekk tid då han tok over, og han hadde også ein dårleg start. Er ueinig i denne. Fergie tok over eitt lag som sleit. I november ’86 låg United på 21. plass. Fergie tok over og laget klatra til 11. plass. Året etter vart United nr. 2 i ligaen. Starten var ikkje den verste, men ein nedtur tredje sesongen gjorde at Alex Ferguson var nær ved å få sparken. Oppturen starta med seier i FA-cupen, og seier over Barcelona året etter i Cupvinnarcupen.

I dag

David Moyes. Tankane går eitt år tilbake i tid, og tida då prosessen med å finne den nye leiaren gjekk mot slutten. Kva om? Tenk viss? Kven var tilgjengelig? Kven kunne vi hatt? Kva kunne vore gjort annleis? Og, kanskje det viktigaste. VILLE det vore betre?  Mourinho var på leit etter jobb. Ville eg hatt han? Usikker, men han har ein spesiell emne til å heve eitt lag. Kanskje ein av dei beste når det gjeld struktur og taktikk. Pep Guardiola. Det gjekk mykje rykter om Guardiola. Stolen blei nesten våt berre ved tanken. I mine auge den desidert beste trenaren i verden. Han er den einaste som kunne komme inn og gjere verdas beste lag enda betre. Då snakkar eg om Bayern Munchen. Ville vore dyr, og uoppnåeleg slik eg ser det. I alle fall på det tidspunktet. Snakket om Ancelotti, Giggs, Solskjær, Keane, og så vidare, var i slik eg ser det rykter, og aldri nokon eg personleg såg på som aktuelle. Kva kunne vore gjort annleis? Det første er datoen for tiltredelse. Denne burde vore tidlegare. Hadde det gjort noko forskjell? Nei, det trur eg ikkje.

Eg var skeptisk frå starten til Moyes, men vi fekk ein brukbar start på sesongen. 4-1 borte mot Swansea. Det er ein sterk seier. Så kjøpte han Fellaini i det overgangsmarkedet var i ferd med å stenge. Då sakk både forventningar og tillit. Utover hausten var det eigentlig brukbart. Varierande, men brukbart. Og eg kunne vore villig til å sette store summar på at vi klarte Champions League plassering. DET er eg glad eg aldri gjorde.

Mange skrik at Van Persie har ein dårleg sesong, men scoringssnittet i  år er vel så vidt eg ser betre enn i fjor. Forventningane til ein mann som har vore ute med skade i 2-3 månader har vore urealistisk høge. Mange skriv at De Gea har vore under pari og gjort mykje tabbar. Eg ser framleis De Gea som kanskje Premier League sin beste keeper. Om eitt par år, så vil han i alle fall vere det. Kanskje vi då kan sei verdas beste keeper.

Arsenal v Manchester United - Premier League
– David de Gea, snart verdas beste?

Alt ansvaret skal ikkje Moyes ha. Han hadde ikkje det beste utgangspunktet.  Ein aldrande stall, med fleire som har sett sine beste dagar. Eg personleg synes det er skremmande at ein kar på 40 år, kanskje har vore vår beste midtbanemann i Europa.

Skuffelsen i år: Det første er ein skuffande 7. plass så langt. Vi har aldri vore dårlegare enn nr. 3 i Premier League, så klart dette er uvant for dei yngste djevlane. Kampplanar har, sett utan ifrå, virka meiningslause. Tempo. Guts og vinnarvilje. Dette har vore heilt fråværande i, ja eg vil sei heile år, med unntak av Champions League. Siste eksempel i kampen mot City. Patrice Evra, vår kaptein, vår leiar, den som skal gå foran. Virkar uinteressert, umotivert og ser ut som han helst vil vere ein annan stad. Evra, ein kar eg helst skulle sett blei erstatta for 3 år sidan.  Ferdinand. SUKK. Så god i fjor, kanskje ein av våre beste då. Har hatt så store tempoproblem i år at han ville hatt problem i Tippeligaen.

Manchester United v Swansea City - FA Cup Third Round
– David Moyes, ein skuffelse.

Moyes. Ja, Moyes, har vore ein skuffelse. Han har ikkje klart å ta steget. Han har gått frå Marks & Spencer’s til Harrod’s. Frå den lokale kafeen til Restauranten med Michelinstjerne. Og han har ikkje tatt med seg det viktigaste rådet Sir Alex gav han. Don’t change the staff. Keep what’s there and they will guide you in the right direction. They will give you continuity needed to perform. Dette har vore skrive på mange ulike måtar, men alle seier litt om første feil. Måten han framstår i presse, i intervju etter kampar. Usikker, nølande og rådvill. Der Ferguson har mentaliteten om at United er best, og alle vil vere som oss, seier Moyes vi strever etter å bli like gode som Man.City.  Berre den kommentaren burde han fått sparken for. Som mental mentor kan eg ikkje sjå at han held mål. Vi må tilbake til det å stå framfor speielen å sei, « VI ER BEST». Det held ikkje sei at vi skal strekke oss etter nokon, eller at vi trur vi kan snu dette. Vi KAN, VIL og SKAL snu dette.

Bør vi sparke Moyes? Tja. Skal vi gjere det, må det gjerast no, slik at ein ny manager for god tid til sommaren til å planlegge, tilrettelegge  og kartlegge stallen. Å få Van Gaal etter VM er slik eg ser det meiningslaust. Kor mykje vil ein ny mann prege eitt lag etter VM er ferdig 14. juli? Om Moyes sit ut sesongen, han få sete til jul/nyttår. Kven kan då overta? Draumen er som tidlegare sagt, Pep Guardiola. Men ser på han som uoppnåeleg. Med mindre han føler at han ikkje kan oppnå meir med Bayern Munich. Men vi skal merke oss eitt namn som kjem til å utmerke seg i åra framover. Frank De Boer. Dette er ein kar eg meir enn gjerne kan sjå som vår neste. (Om ikkje Moyes får det til neste sesong). Ein kar som gjekk Ajax skulen, fått nederlandsk filosofi gjennom landslaget, og har vore ein spelar på høgt internasjonalt nivå i ei årrekke. Han ser eg på som framtida. Og skuffelsen er enorm over mangelen på ein leiar. Dei yngre har i år ikkje hatt nokon å støtte seg til. Dei har ikkje hatt den veiledninga dei bør få. Til det har det vore alt for mange skader og rotering. S.

adnan23
– Adnan, FOR eit talent!

Overraskelsen/det positive: Adnan. Herre jesus for eit talent. Vi la litt mykje ansvar på guten, men det her kan bli nye Giggs. Få litt meir kjøt på beina, så er dette verdensklasse. Rooney. Vår beste. Vår neste kaptein? Eit klart og rungande JA frå Sunnmøre på det spørsmålet. Snart ingen i heile England som har betre evne til å brette opp armane og trø til når det trengs. Hjelpe dessverre ikkje så mykje om han er aleine. De Gea, har vore stabil og aldri rota seg vekk (med unntak av tabben mot Sunderland i Ligacupen). Og viser ofte at ingen i verda er betre på strek enn vår sisteskanse. Rafael da Silva. Spring opp og ned sida som ein jojo. Vår eigen duracellkanin. Klarer han å få bukt med temperamentet sitt i framtida, så blir han ein av topp tre backar i verden. Minnest ein kamp på OT mot Liverpool. Andy Carroll var ny, og la seg på Rafael for å vinne duellane. Men til alle sin store overraskelse, vann Rafael nesten alle duellane denne kampen. Ein del skada, men ser mykje positivt i han. Han er ein fighter. Vårt eige lille lemen. Phil Jones er vår tids Terry Butcher. Det er ikkje innsatsen det skortar på. Welbeck. Eg går frå å rive meg i håret til å vere full av beundring med denne mannen. Vaks opp eitt steinkast frå Old Trafford. Og «Fresh Prince i Bel Air» er ei uromoment for eit kvart forsvar. Ser dessverre ut som Bambi på isen til tider, og treng øving på ro i avslutningsøyeblikket. Har uansett meir enn 10 mål for første gong. Synes i motsetning til mange at Carrick har gjort ein hederlig innsats. Mot City prøvde han i alle fall. Han manglar tempo, men tek det att i smartness. Kjem nesten aldri i vanskelige situasjonar, med mindre han blir sett opp av dei andre i slike situasjonar. Er roleg, og spelar klokt og enkelt

Spelarstall: Nani, Evra, Ferdinand, Lindegaard, Van Persie, Valencia, Cleverley og Young. Dette er alle spelarar eg ser slutten på i United. Evra og Ferdinand er vel nesten sikkert. Lindegaard, vi kan like så godt ha Sam Johnstone på benken. Nani er overvurdert, Van Persie er aldrande, men framleis ikkje eldre enn at vi kan få litt peng for han. Valencia, ein «primitiv» enkel ving. Utan finter, berre spark og spring. Når han i tillegg har mista det han var god på, innlegg, så kan vi selje han. Cleverley. Manchester-gut, men ser ikkje ut til å klare å ta steget. Har sansen for han, for på sitt beste er han god. Men han når sjeldan opp til sitt beste nivå. Young, har aldri vist seg å vere verdt dei 18 millionar pund vi betalte for han.

Manchester United v Fulham - Premier League
– Ashley Young er ikkje verdt dei 18 millionar punda.

Nye fjes: Ja, kven ønskjer eg? Byrjar vi i forsvarssrekka så ønskjer eg Hummels, Shaw og Mangala. Sentralt på midten. William Carvalho, har sett litt og likar det eg ser. Har blitt omtala som nye Vieira, berre betre. Toni Kroos. Pasningssikker, løpssterk, målfarlig og tysk maskin. Arturo Vidal. Verdens beste boks-til-boks-spelar? Kantspelarar. Marco Reus. Fantastisk spelar. Rask, gode innlegg, flink til å frigjere seg, gode frispark og gode avslutningsferdigheiter.  Adam Lallana. Stort talent, men datt litt gjennom. Hadde kanskje sitt gjennombrudd i fjor. Har vore stabilt god i 2 år, og fått sin debut på landslaget. Har egenskapen til å gjere ting enkelt. Kaptein, og hardt arbeidande. Spiss. Er veldig usikker på kven eg ønskjer meg på topp. Diego Costa er ikkje ein type eg ønskjer å assosiere klubben med. Lukaku? Blir han ledig så kvifor ikkje. Spelte godt i fysisk spelestil med WBA i fjor. Har vore god i eitt fintspelande Everton i år. Pr. i dag så er der ikkje så mange eg føler «WOW, han må vi ha». Danny Ings er spennande, men eitt usikkert kort. Toppscorar i Championship no, men har mykje å bevise.  Ein anna spennande spelar er høgreback og heiter Callum Chambers.

Elles trur eg Mata blomstrar. Sjølv om mange er kritiske, rosar eg kjøpet. Direkte årsak til Rooney si nye kontrakt.  Det han har mangla så langt, er støtte og bevegelse framfor seg. Og då fleire samtidige bevegelsar.

Manchester United v Aston Villa - Premier League
– Juan Mata? Eg trur han blomstrar.

For vi som huskar tida då vi aldri vann titlar, er det kanskje litt enklare å godta eitt dårleg år. Eg betringa er ikkje så langt unna sjølv kor mørkt det måtte sjå ut pr. dags dato. Vi er alle frustrerte grunna manglande resultat, og kanskje mest manglande glød. Det handlar om å få tilbake gutsen, å bli litt fanden i voldske resten av sesongen. Frå no og til mai har vi absolutt ingenting å tape. BLØ for klubben, kvarandre og oss. Vi treng eitt halmstrå å strekke oss etter. Vi treng eitt snev av håp gjennom sumaren. Believe. Eitt ord som står sterkt i meg. Om eg seier BELIEVE og MANCHESTER UNITED i same setning, blir eg nesten tårevåt. Eg trur og veit at vi kjem tilbake. Men er også førebudd på eitt par tunge år. Så er eg fan av det enkle prinsippet «pass & move». Enkel filosofi som alltid fungerer om ein har spelarar som gidd å bevege på seg.

Bruce Springsteen syng om Glory Days. Det har vore Glory days i 21 år. Har 3 gonger blitt nr. 3 som det dårlegaste, vunne Premier League 13 gonger, Champions League 2 gonger. Vi har dominert i 2 tiår. Ein dag er vi der att. Eg trur vi vinn ligaen igjen før Liverpool vinn sin neste ligatittel.

Sesongen i år er noko eg vil fortrenge. Men eg finn allereie no spenning og glede knytt til neste sesong.

Stay strong. Be patient. Have Faith. Believe.

Takk for oppmerksomheita frå Sunnmøre i denne omgang.

Beste helsing

Jan Ivar Nydal

33 år Møre og Romsdal

Alltid raud.

Powered by Labrador CMS